
Adventskalendaren er nesten klar, svibelen har byrja å blomstre, lilla og kvite lys har komen fram. Og kakemenn til frokost, i mangel av tint brød. No er det berre å vente på at ting som er kjøpt på internett skal kome i posten, slik at ein kan byrje å pakke inn julegåver.
Ein fin adventsparfyme er nok kanskje Brulure de Rose (PG 13) frå Parfumerie Generale? Dette er ein av prøvane me fekk frå Velduftende, og er kanskje den av dei eg har blitt mest glad i. I alle fall har eg prøvd den mest (fordi glasrøret diverre lek). Parfumerie Generale er eit parfymehus som diverre er vanskeleg å få kjøpt i Noreg. Det er Pierre Gulliaume som har skapt denne parfymen, og han er også hovudet bak huset PG. Eg lukta raskt på nokre av dei andre PG-ane då me var på Les Senteurs i England, det eg lukta var veldig godt og eg fekk medan anna ein prøve på Louanges (PG 19).Men det er denne fantastiske rosa eg skal skrive om no. Og for ei rose! Eg var nok ein av dei mange som då eg var yngre blanda roseblad og vatn for å lage parfyme, og Brulure de Rose minnar faktisk om resultata som kom av det. Berre mykje mørkare, varmare og meir sensuell. Tjukke mørk raude roseblad var eit bilete eg fekk i hovudet sist eg prøvde denne, blanda med noko krydrete og fruktig. Den er ikkje veldig kraftig og 'overpowering', om ein tenkjer på luktradius, men den er ikkje for svak heller og sit godt og lenge på huda. Brulure de Rose er ein søt parfyme, men ikkje søt som dei fleste sukkerspinn-parfymane på marknaden, heller ein meir vaksen feminin gourmand som faktisk går an å bruke utan å få assosiasjonar til ein godtebutikk og bleika hår.
Dette er ein parfyme eg gjerne skulle hatt meir av. Ein perfekt duft til mørke vinterkveldar med stearinlys og kos, men som også fint kan nyttast i andre parfymerte samanhengar. Prisen ligg på rundt 750 kr for 50 ml, noko som ikkje er alt for avskrekkande for ei nisjeduft (men framleis dyrt, ja). Og ein kan kjøpe ein liten prøve av denne fatastiske dufta for ikkje alt for mykje pengar frå medan anna Les Senteurs, Luckyscent eller The Perfumed Court (10% rabatt tom. i morgon om du brukar koden Thanks10).
PG-bilete frå luckyscent.com





