
I går kveld vart me (endeleg) ferdig med den siste boka i Harry Potter-serien. Det tok litt lenger tid enn vanleg, fordi me ikkje kunne prioritere å lese bok og fordi me las boka høgt for kvarandre.
Sjølv om dei fleste sikkert har lest den no, vil eg ikkje spoile boka, men eg kan sei at det var ei fin avslutning på alt. Rowling snørte saman alle dei lause trådane og skapte spenning på nær kvar side.
Eg vil absolutt anbefale folk å lese desse bøkene om Harry Potter. Dei er fantastisk godt formulert og bedre enn filmane på utallige måtar.
For å snakke om heilt andre ting:
Me reiser til byn igjen på fredag. Då vert det atter dekning, breibånd og kabel-tv. Helge skal være med på Matrix-maraton hjå Christer (sjå blogglink til høgre) på lørdag. Og eg skal hjelpe han med å komme igang til studietida.
Kos dykk i regnvêret!
Biletet er henta frå ein anna blogg.

