torsdag 27. desember 2007

Arn og venting

I går var ein dag som bestod veldig mykje av venting. Først måtte det ventast på at me skulle reise til byn. Mamma ville ikkje så tidleg til byn nemleg, for dei skulle plukke opp mormor på Flesland i 10/11-tida. Og så vart det litt venting på Flesland likevel, men det kjem eg attende til.

Hovudpunktet med dagen i går var at Helge og eg skulle på kino og sjå Arn - Tempelridderen. Me hadde ikkje tenkt over at det var premieredag, så det var litt av eit sjokk å sjå middelalderstyle-utkledde ungdommar ved inngangen til Magnus Barfot. Det er eit kinobygg som forresten ikkje er bygga for at folk skal kjøpe billettar ved skranken. Sinnsjukt mykje kø ved inngangen og i framste del av lokalet. Ikkje kø i det heile for dei som hadde kjøpt på internett og berre måtte kavre seg fram til ein automat for å plukke den opp.

Filmen handlar om Folkungesonen Arn som kjem ut for eit lite uhell som liten gut. For at sonen skal få livet attende lovar mor hans Gud om at Arn vaknar opp igjen, skal livet hans dedikeras til Guds arbeid. Arn vert sendt i kloster, men munkane der tykkjer det er for synd å la ein så frisk og fin 10-åring bli munk at dei heller berre trenar han opp og lærer han litt forskjellig. Arn vert ven med eks-tempelriddaren Gulibert og Gulibert ser at Arn verkeleg har talent for Tempelriddar-ting.

Etter eit par år i klosteret vert Arn sendt attende til heimstaden. Der har ting blitt meir dramatisk enn dei var då han for derifå. Folkungane er i tett maktkamp med Sverkarane som har kongen på si side. Noko fører til anna og Arn vert sendt til Jerusalem som Tempelkrigar.

Som de kanskje veit er dette ein film basert på ein bokserie av Jan Gulliou. Eg las bøkene for eit par år sidan og likte dei godt. Helge har ikkje lest bøkene (enno), så han vart ein ganske nøytral filmsjåar. Me likte begge filmen godt. Eg føler den er meir naturleg og ekte enn mange av resten av verda sine storproduksjonar. Skodespelet var bra, sjølv om det for det meste bestod av meir eller mindre kjente svenske skodespelarar. Alt filmatisk sett med lys, vinklar, kameraføring etc. var akkurat slik det skal vere i denne typen film. Det er flott at nord-europa også får til dette her med storfilm utan å floppe heilt. Me er altså unenige med både BT og Dagbladet.

Dette er ein film ein godt kan gå og sjå i desse romjulstider. Hugs berre på at dette er første del, andre del kjem til hausten ein gong.

Resten av ventinga foregjekk på Flesland. Flyet til mormor var ganske kraftig forsinka, så me stod der i sånn ein time utan noko å gjere på. Etter denne opplevinga har eg laga ei liste over "Ting ein kan gjere på Flesland klokka halv ett om natta":
- Ta bilete i fotoboksen
- Prøve ut noko spanande mat-greier på 7/eleven. Helst noko som ikkje ho som står bak skranken veit kva er eingong.
- Skjekke kor mange pengar du har på kontoen i minibanken.
- Ta ut pengar og veksle dei til ein gøy mynteinheit.
- Ete sjokolade som Avinor har i ein gratisboks ved skranken sin.
- Rydde opp etter andre folk. Det er faktisk ganske mykje 7/eleven-boss rundtomkring. Det er også mange bosspann.
- Slå av ein prat med ein av vaktene.
- Halde auge med tavla der det står når flyet kjem.
- Sjå på alle blada på 7/11, og alt det andre dei har å tilby.

I dag skal me til Masfjorden igjen, Helge også!
God romjul!

tysdag 25. desember 2007

Jul!

God jul alle sammen! Jeg koste meg masse på julaften, vi hadde familien (alle 4 besteforeldre) på besøk, men Tor Erik og Silje var på Ytterøy i år.

I motsetning til Christer (PS2 blir sykt gøy! Jeg anbefaler dette settet :p) skal jeg være ganske så ellaborert rundt årets fangst ^^

I uprioritert rekkefølge: Finn smurfene, Alchemist-brettspill jeg og Jorid skal spille masse, penger og flaxlodd (25,- gevinst \o/), sykt fin klokke av Jorid (: (Takk!), kinobilletter av foreldrene til Jorid, dag-til-dag-kalender med optiske illusjoner, sjokkelade og karameller av Christer og Aina (nam!), min ekslærer Helge Hjellands bok om traverseringen av Niger, en spennende fantasy (eller kanskje scifi, ikke helt sikker ennå), Starcraft (jess! :D), og skritteller av mamma. 422 hittil i dag!
Og gavekort på 20 kjøretimer. Jeg var O_0, for det er sykt masse penger. Nå skal jeg i hvert fall begynne skikkelig med å ta lappen :)
Også fikk jeg og Jorid kaffeoppskrifter og rhooibush-te og kyllinger av Åshild :)

Tusen takk alle sammen som har vært snille mot hverandre :)

Julen, julen, julen den er her...

Ja no er den største delen av jula overstått. Huset har blitt rydda, julegåver har blitt levert ut, julemiddagen ete og gåver opna. På biletet er flesteparten av tinga eg fekk til jul samla i ein (u)oversiktlig haug. Her kan ein sjå at det spenn seg fra Rooibos-te til usb-hub/kortlesar. Ting som ikkje er avbilda er eit bestikksett på 27 delar og eit på 16 delar, fat, to vesker, kinobillettar og albumet «American Doll Posse» av Tori Amos.

Eg har no ei skuffe full av ting som eg ikkje har bruk for før eg flyttar for meg sjølv. Ærleg talt tykkjer eg at slike ting er mykje betre å få enn 6 telysholdarar og ein julenissefigur. (Hint til alle som skal kjøpe julegåver til jenter som er 16+).

Laura Marie fekk ein roboraptor. Den er skremmande på veldig mange forskjellige måtar. Den er omtrent like mjuk (bevegelsesmessig) som ET og herleg når den spring mot deg med eit brøl. Eg prøvde å ta eit bilde av den når den var meir eller mindre stilleståande, men som de ser er den ikkje roleg så lenge om gongen.

I dag har eg nytta tida på ting som å flytte vhs-spelaren opp og dvd-spelaren ned, ta opp alle vhs-filmane og sortere i dei og dvdar. Rydde på rommet-ved-sidan-av-rommet-mitt og sortere, rydde og vaske i kjøleskapet. Akkurat slike ting ein skal nytte første juledag på!

Gler meg til i morgon. Då er det andre juledag og eg får sjå Helge igjen. Me har veldig mykje klemming å ta igjen. Og mange sauer å mate så me får øvd oss til påskeferien.

Eg vil forresten takke alle som gav julegåver til Helge og meg, som les denne bloggen, og ønske dei ei fin romjul og eit godt nyttår.

måndag 24. desember 2007

Skuffet.


I gårkveld hadde jeg mitt første møte med digital musikkhandel over internett. Jeg var litt reluktant til å begynne med, men siden albumet jeg var ute etter ikke fantes andre steder på internett (som amazon, play.com osv), måtte jeg se mot en side kalt tunetribe.com.
Prisen var ikke fæl, litt stivere enn platekompaniet (130,- for en 8 år gammel cd) -- men det var godt over medianen der.

Problemet mitt nå er at jeg sitter igjen med 20 finske julesanger jeg faktisk ikke kan spille av. Digital Rights Management er et system som begrenser brukere når det gjelder kopiering av musikk: Tilogmed jeg ser at det nesten må til for at sider som Tunetribe skal kunne selge musikk. Selv om jeg såklart mye heller skulle fått frie mp3-filer, tok jeg til takke med begrensningene (5 kopieringer til mp3-spiller, 7 brenninger) -- men jeg, som regner meg som teknisk kompetent, med nyeste programvare og alt, klarer rett og slett ikke å spille av filene.
Jeg kan åpne dem i windows media player, jeg kan se på informasjonen, men når jeg skal spille dem av popper det opp et innloggingsvindu som sier at dette får jeg jaggu ikke lov til.

Nei, dette var første og siste gang jeg prøver meg på PlaysforSure.


God jul! (Selv om jeg ikke får denne herlige musikken jeg ville høre på i dag)

laurdag 22. desember 2007

Julestemning

I dag har me henta juletre og levert nokre julegåver. Pynta til jul, og bakt julekaker som knuuste utover golvet. Det snødde biitelittelitt før i dag og det er superkaldt ute.

No er det snart jul.

Andre juledag skal Helge og eg på kino og sjå Arn, om Helge får kjøpt billettar.

Koseleg å vere heime. På tross av isdn og null dekning.

GOD JUL

fredag 21. desember 2007

Juleferie!

Ja no er det juleferie! Tentamen og prøver er overstått og juleballet var me på i går. Juleballet føregjekk, som i fjor. på Hotel Norge. Det var velkomstdrinkar (alkoholfrie, sjølvsagt), elgmedaljong til middag og sjokoladepai-greie til dessert. Etter middagen var det dansing - ikkje for min del då (*kremt, Helge, kremt*). Og forsøk på å prate, noko det verka som om DJen ikkje ville at me skulle gjere. Rundt ti på 11 vart alle kasta ut. Dette var fordi nokon modne elevar hadde klart å smugle med seg alkohol inn på eit rusfritt arrangement. Resultatet av dette vart at mange fulle ungdommar sosa rundt i foajeen på Hotel Norge. Men dei var ikkje dei einaste.

No er rommet mitt rydda og ting pakka i ein stor grøn koffert. Når mamma kjem igjen frå handleturen no, skal me på kaffibesøk hjå foreldra til Helge. Og etter det skal me heim.

Ja. No er det juleferie.

onsdag 19. desember 2007

DNF



Til dere som ikke mener at ord er overflødige i denne sammenhengen: Duke Nukem Forever skulle blitt lansert første gang i, hva var det, 1997, og siden det har det stort sett vært stille, med alltid utvidede frister. Tør vi vente på slipp i 2008, eller er det like sannsynlig som ... hmm (her ville det vært vanlig å bruke 'samtidig som dnf kommer')

Stay Tuned!

Adventskalendargåver


Ja no nærmar adventstida seg slutten, og kalendaren har snart fått tømd skuffene sine heilt. Eg trudde eigentleg eg ikkje skulle få adventskalendar i år, men mamma og Helge hadde laga ein til meg saman. ^^ Nei. Ein vert aldri for stor for adventskalendar.
Ting eg fekk i kalendaren i år var blant anna Blå, Kvit og Raud, kinogåvekort, boka Gothic & Lolita. Og masse julesnop.

Helge fekk adventskalendar av meg. Der fekk han blant anna flaxlodd, refleks, kino-tur, middag på indisk, pocketbok, sjokolade, popcorn og Blå (som vart bytta i Pride and Pejudice ^^)


I dag har skulen eg går på vore omtala i BT. Grunnen til dette er at delar av elevrådet/skulestyret har invitert ein prest til å snakke for oss på juleavslutninga. Dette vert sjølvsagt ikkje tatt godt imot av alle elevane på skulen. Dette er berre ei lita del av ein stor konflikt som byrja å ulme opp etter at skulane vart slått saman. Men det er jo slik det blir når ingen klarar å bryte med sine eigne tradisjonar og føye seg etter andre.

tysdag 18. desember 2007

Juleferie... snart

Ting byrjar å roe seg. Det er juleferie snart. :) Fått ny, flink og hyggjeleg køyrelærar. Me bestemte saman å utsette oppkjøring til etter jul. Vil liksom klare det denne gongen... Hadde tentamen i engelsk i dag. Mattetentamen på torsdag, så skal rekne mykje saman med Helge i morgon. Etter mattetentamen er det juleball og på fredag kjem mamma og Laura Marie for å hente meg.
I juleferien skal eg berre:
- Finne ut kva eg skal gjere neste haust
- Finne ut kva eg skal ha om som særemne, og helst lese bøker om dette
- Lese nokre bøker, bl.a Theos Reise og Sofies Verden
Og så er det jo jul, då.

I dag henta eg billettar til Kaizers-konsert. Den 29.02.07. Wii. Dei slapp ny singel i går, den kan du høyre på MySpace om du er interresert.

Matblogg-greia vår har vore veldig mykje inspirert frå denne fantastiske bloggen. Mat-dama har til og med vore i Bergen og ete på Zen (litt nede på sida, etter det om Bølgen og Moi).

Men no! Skal me sjå Det var en gang livet!

Juleferie

Søndag ettermiddag feiret vi, litt prematurt, at vi har juleferie nå (snart)!

I går hadde jeg siste eksamen, og det tror jeg gikk nokså bra. Det var i MAT111, og oppgavene var ikke veldig vanskelige i forhold til hva som har blitt gitt ved tidligere eksamener. Greit at det foreligger løsningsforslag på nett når vi kommer hjem igjen fra eksamenslokalet :)
Selv om sensuren ikke faller før i januar en gang, da. Så i dag har Jorid engelsktentamen, da er det ikke veldig mye igjen (en mattetentamen f.eks.) før hun har juleferie hun også. Jej!

Tilbake til feiredelen. Vi gikk på den indiske restauranten i marken (der man bør betale med kontanter), noe jeg egentlig har hatt lyst til siden jeg begynte på Danielsen. Jeg ble positivt overrasket: Meget god service og kjempegod mat :-)
Vi bestilte samletallerken med mange forskjelligekjøttyper osv, og det inkluderte papadumer til forrettsnacks (nam!) (bilde 1, "tortilla"-ting. Sprø med masse dipp til.). Så fikk vi en rykende varm (den FSSSSS-et da den kom inn) panne med mat som smakte megagodt med sausen til (som var varmet av telys under skålen den lå i ^^). Mmmm!
Alt hadde mange grønnsaker til og var marinert i asiatisk grillsaus som gjør kjøttet rødt, og ser skikkelig stilig ut. Også fikk vi nan-brød til.

Veldig mye godt tilbehør og slikt gjør at jeg tror jeg vil gå der flere ganger :)

PS: Søndagens Simpsonsepisode var en av de beste jeg har sett på lenge, spesielt parodien på Youtube-mannen som tar bilde av seg selv hver dag i seks år og lager video (orginalen). (Den ligger sikkert ikke ute lenge, siden Fox ikke ville ha den der, da)
Men uansett, fantastisk bra :)

Alle som har flere eksamener og tentamener igjen må ha lykke til med dem!

torsdag 13. desember 2007

Gratisdonasjon?

På vevsida freerice.com kan du hjelpe FN med å tene inn pengar for å bekjempe svolt i verda. Det einaste du treng å gjere er å trykke på det ordet du meiner betyr det same som ordet i feit skrift. Svarar du rett, vil reklamen nederst på sida endre seg og FN får pengar. Svarar du feil, må du berre svare rett neste gong. Ein annan fin ting med denne sida, er at du får svært utvida engelskvokabular.

For lenkje: trykk på biletet øvst i bloggen.

You have donated 10000 grains of rice.
Wow! Now THAT is impressive!


Dagens song: Coldplay - A Message

fredag 7. desember 2007

Youtube-dings

Måtte bare dele denne, selv om det egentlig ikke er vår greie :p
Spørs hvor seriøs den er, da.

onsdag 5. desember 2007

Ferdig med pensum :-)

9.1.36 e)
om {|an|} konvergerer, trenger nødvendigvis ikke {an} å konvergere, f.eks. i tilfellet an=(-1)n, hvor |(-1)n| konvergerer mens (-1)n divergerer.

Og med dette konkluderer jeg pensum i MAT111. Da var jeg ferdig med siste innlevering i Examen Philosoficum, MNF140-eksamen finner sted 9-14 på mandag og MAT111-eksamen mandagen etter det igjen. Så er det juleferie 17. desember 15:00 til 14. januar 8:15 :-)

Jeg skal egentlig ikke uttale meg før etter eksamen , men jeg er svært fornøyd med UiB. Tilværelsen er mye mer avslappet enn på VGS; hvor det hele tiden var stygge frister å holde seg til, og fortsatt er det mye større krav til oss i fagene jeg liker :) Matten er mer forståelig enn 3MX, men fortsatt ganske mer avansert.

Jeg er i hvert fall fornøyd med studievalget mitt, og gleder meg til videre semestre :)
Spesielt MAT131, som jeg har neste semester, blir gøy: Et helt fag bare med differensiallikninger! Gomle, gomle. (Det kommer du til å digge, Christer!)

måndag 3. desember 2007

Twilight

I går oppdaga eg tilfeldigvis ein bokserie ved namn Twilight. Den handlar om den unge jenta Isabella Swan som flyttar til far sin som bur i ein liten by ein stad i USA. På hennar første skuledag legg ho merke til ein søskenflokk som er vakrare enn vakrast, men alikevel isolert frå resten av skuleelevane. Etter kvert vert ho kjend med den yngste av dei; den überhandsome Edward Cullen.

Kunne dette vert henta frå ei TLklubben-bok? Ja, det kunne det faktisk. Dette er ein tenårings-vampyr-emo serie i beste stil. Kan også verte klassifisert som jente-versjonen av Darren Shan-bøkene

Eg kjem nok til å lese den andre boka i serien også, sjølv om eg allereie har skjønt kva den handlar om - utifrå diverse fan art. Er mykje meir interresant enn å lese til naturfagsprøve uansett.

søndag 2. desember 2007

Mju-lekalender

To søte små pusekatter kjøper samme gave til hverandre i adventskalenderen, og bare mu.

^^ Litt koselig, da.