Spørsmålet er om eg skal bruke neste lønning på den eller om eg heller skal spare dei pengane. Synspunkt?Argumentasjonar for å kjøpe eee er:
- Den veg under eitt kilo, altså eg slepp å øydeleggje ryggen min på å bære den tunge macbooken (eller skjemst fordi eg er tvungen til å nytte ein førsteklassesekk som i alle fall ikkje er designa for å bære pcar og skulebøker i)
- Den er liten og fin
- Eg kan nytte den til å skrive notatar frå førelesningar når eg ein gong til hausten kanskje byrjar på universitetet. Eg er mykje raskare til å skrive på tastatur enn for hand.
- Bærbar pc er generelt sett veldig greit å ha når ein studerer (berre spør Helge), og macbooken eg nyttar no er skulen sin.
- Eg har veldig kjempelyst på eee og har hatt lyst på den sidan eg las om den i eit blad ein gong i sommar.
- Om eg likevel skal kjøpe bærbar pc er dette det billegaste alternativet, for eg vil uansett ha ein bærbar som har max 13" skjerm. Har rekna på det og funne ut at eg kan få den for 2500 kr og oppover, ny.
- Den kan kjøpast på ebay, noko som gjer at me får høgare status på ebay-kontoen vår. ^^
- Det er ein betre måte å bruke pengane på enn f.eks strawberrynet og lookfantastic.
- Sa eg at den var liten og fin? (og søt)
- Eg har dessutan bursdag neste månad, og dette er jo ei fin 19-års-gåve. (Vil du sponse mamma? :) )


