torsdag 28. august 2008

"Is Google making us stupid?"

Eg les denne artikkelen i The Atlantic akkurat no (ja, eg klarte ikkje å lese alt på ein gong, men måtte gjere dette). Og føler i alle fall er svært korrekt når det gjeldt meg. Eg har hatt tilgong til internett i godt under ti år, tre år med ubegrensa tilkobling og det har faktisk skjedd ei endring. Trur eg i hvert fall.

Spanande og interresant lesning!

onsdag 27. august 2008

Ein liten tanke

Lys i kjellaren er ein av dei tinga ein aldri tenkjer over at ein treng før det er for seint. Og då står ein der. Med diodelysa frå vaskemaskina som einaste hjelp. Og prøver å finne ut om sokkane faktisk gjekk oppi den blå IKEA-posen, på golvet eller om dei framleis ligg i maskina.

Det er kanskje derfor ingen av dei andre i huset vaskar kleda sine om kvelden?

onsdag 20. august 2008

Noko å gjere på om du er lei av Internett

Sett på Tori Amos og bak scones!

Dette treng du:
  • 2 ms smelta margarin
  • 2.5 dl mjølk
  • 1 ms bakepulver
  • 2 ts sukker
  • litt salt
  • 6 dl mjøl, i mitt tilfelle 5 dl kveitemjøl og 1 dl "grov bakst"
  • Rosiner, om du likar sånt
  • Støvsugar (ikkje naudsynt)
Dette gjer du:
Sett steikeomnen på om lag 220 grader. Bland det flytande i ein bakebolle. Tilsett bakepulver, sukker, litt rosiner og salt og rør. Tilsett mjølet og elt til deigen vert smidig. Kjevle så deigen til ei om lag 1.5 cm tjukk leiv og stikk ut scones med eit glas (som tjukke, runde peparkaker). Du kan også dele deigen i to, kjevle ut runde leivar og markere eit kryss i leiven. Prikk sconsa lett med ein gaffel og set sei inn i omnen på midterste rille.

Medan du ventar i 10-15 minutt på at sconsa skal steikast kan du setje på litt tevatn, støvsuge opp alt mjølet du søla, ta oppvasken eller jakte på bananfloger.
Om du ikkje likar å bake kan du jo alltids skrive samandrag til den akademiske artikkelen Alder og accent skriven av Karen Lund.

Oppskrifta er basert på ei oppskrift i kokeboka
"Frå bollar til burritos" (6. opplag) frå Sosial- og helsrdirektoratet

måndag 18. august 2008

Rask mandagstur til IKEA...

... resulterte i dette!
Det ser kanskje ikkje så mykje ut, men IKEA-posar er store. (Slapp av mamma, ikkje noko husafyll). Puter, lampe til soverommet, sengeklede, laptop-underlag og teppe til å ha under dei koselege svingstolane våre. Kjekt!

Eg vil ikkje sei at Akademisk Skriving er eit av yndlingsfaga mine, det er dog det einaste faget eg har denne veka. Og det er nok nyttig, til slutt.

måndag 11. august 2008

Ein ny og klissvåt student

"Første dag" på Litteraturstudier ved UiB i dag. Fekk mykje informasjon og alt vart plutseleg mykje meir oversiktleg. No veit litt meir om faga eg skal ta, eg har til og med meldt meg opp til eksamen! (Det er ikkje eksamen då, sidan eg har seminarmodell og innleveringar all the way). Det regna berre heilt utruleg masse då me gjekk opp mot Sydneshaugen Skole, det gule bygget bak den raude kyrkja på toppen av haugen, der eg skal ha mykje ting utover, så eg gjekk rundt skikkeleg våt heile dagen. Den rosa paraplyen eg fekk frå studentradioen hjalp liksom ikkje så mykje då regnjakka mi allereie var gjennomvåt.

Eg var faktisk også litt med på fadderting. Det er faktisk ikkje så gale, sjølv om det berre var ei anna frå litteraturstudia som gadd å vere med i faddergruppa. Ei kjapp omvisning og lønsj på peppes.

Eg kom kald, våt og sliten etter all informasjonen heim til ei leiligheit utan dør. Litt kaldt her då, og lite privatliv når folk står i døropninga vår og snakkar tyrkisk. Men eg har fått lønn! Så no kan det snart kjøpast busskort, regnklede og pensum (går jo ein tusenlapp der)!

laurdag 2. august 2008

Pastime noveaux

Jej, vi dro på Lagunen i ens ærend for å handle film til "i kveld":


Og #2:
Vi var litt teite og tenkte at "det sikkert går an å finne parkeringsplass utenfor leiligheten" selv om vi visste det var brannkamp i dag. Langs hele kanalveien sto det oppstilt biler! Vi bare "gulp", men det gikk bra likevel. Tydeligvis har fotballgjengere nok etikette til å ikke parkere som galninger i boligstrøk :-)