torsdag 25. september 2008

Hybelliv

Helge er på ByLan, så då er det Spaghetti à la Capri, eller "pappamiddag", til middag. Eg tykkjer faktisk at det er ganske godt med denne typen mat, innimellom. Veldig enkelt å lage til, særskild når ein er opptatt med andre ting - som å lese. Brukte ein time i diverse bokhandlarar i dag for å finne bok, er litt kresen der. Enda opp med Saman er ein midre aleine, skriven av Anna Gavalda. Ein skikkeleg murstein, på nynorsk (som er hovudgrunnen til at eg valde den, har lese for lite bøker på nynorsk i det siste). Boka er koseleg, litt trist, men har også masse humor. Eg har ikkje sett filmen enno, har høyrd at den ikkje er veldig bra. Men skal likevel sjå den når eg er ferdig med boka, Audrey Tatou (Amélie) spelar ein av hovudrollene og karakterane er vel kanskje litt like.

Ellers går det i tørking av klede på det vesle tørkestativet vårt, pensumlesing og jakt på dei aldri-utdøande bananflogene.

fredag 19. september 2008

UiO si ordbok på nettet

Eg må berre slå eit stort slag for Dokumentasjonsprosjektet si norskordbok på nettet. Den har vore godt brukt gjennom heile vidaregåande, og kjem framleis til å bli brukt ofte.

Eg kom på ein annan film eg gler meg til. Twilight, heiter den og har amerikapremiere i november ein gong. Ikkje høyrd om bokserien? Det vert påstått at det er "den nye Harry Potter" innan tenåringsbøker og forfattaren Stephenie Meyer har nok allereie blitt ganske rik. Om du lurar på kva det handlar om kan du lese her. Klisjé tenåringsromanar som er omtrent på same linje som bøkene frå TL-klubben? Ja. Utruleg underholdande? Ja! Kvifor eg tykkjer dette? Det er nok fordi eg har blitt for gammal til å verkjeleg like denne typen bøker (men eg har då altså lest første boka i denne serien).

tysdag 16. september 2008

Kommande filmar som skal sjåast

I et speil i en gåte (24.10)
Etter ei tenårings-bok av Jostein Gaarder. Handlar om Cecilie som er veldig sjuk og som ligg på rommet sitt medan familien forberedar til jul nede i stova. Ein kveld dukkar ein engel (Aksel Hennie) opp og det får Cecilie til å tenke litt filosofisk. Boka er som ein light-versjon av Sofies Verden, berre med fokus på livet og døden, og ho er etter mi meining ei veldig god bok. Etter det eg har lest om filmen til no, virkar ikkje den like lovande. Her har dei nemlig blanda inn ei kjærleikshistorie (sannsynlegvis like øydeleggjande som den nyaste Hitchhiker-filmen). Men filmen skal sjåast uansett! Og eg gler meg faktisk litt (, men ikkje til Aksel Hennie som Gabriel).

Kurt blir grusom (30.10)
Alle kjenner vel til barnebokhelten Kurt, han som kjører truck og har bart. (Erlend Loe, ja.) Kurt er altså trucksjåfør, ein ganske flink ein. Ein dag reddar Kurt ein mann frå å drukne, som belønning får han ein diamant verd 50 millionar. Og som rik, vert Kurt grusom.
Traileren ser lovande ut, ein humorfilm for "barn i alle aldre" verkar det som. Atle Antonsen er stemma til Kurt (jeej) og Aksel Hennie er Bud (hm...)

Max Manus (19.12)
Det vart VELDIG mykje Aksel Hennie her, han er nok stor i film-Noreg for tida. Eigentleg er eg temmeleg lei av historier frå andre verdskrig og slike ting, men eg har uansett lyst til å sjå denne. Er jo ein norsk storfilm.





Appelsinpiken (27.02)
Denne er også etter ei tenåringsbok av Jostein Gaarder. Her er det også lagt til ein heil del som ikkje er i boka. Og her er også boka såpass god at eg uansett skal sjå filmen.






Harry Potter og Halvblodsprinsen (17.07)
Eg håpar ikkje denne flimen vert sju timar lang, eller kva det no er. Eg har heller ingen store forhåpningar til at den skal følge bøkene meir enn dei føregåande filmane. Men dette er uansett ein film eg droppar eit par timar i solskinn for. Dumt at den ikkje får premiere no snart. Men Rowling heldt jo på med så mykje anna for tida.



Her vart det kun filmar basert på bøker, ja. Merkeleg. Eg kan forresten også tenkje meg å sjå Maria Larssons evige øyeblikk, Menn som hater kvinner, Engler og Demoner, The Secret Life of Bees og heilt sikkert ein haug med filmar på BIFF. (Helge vil forresten sjå den nye Bond-filmen).

Alexis Bledel har bursdag i dag, hurra! Og etter at Tekst og Kultur-forelesaren spelte av ein song i dag, har eg hatt dilla på Tori Amos.

onsdag 10. september 2008

Fantastisk video

Denne er både trendvitenskaplig og faktiskvitenskaplig korrekt. Se den; jo mer man vet om emnet jo gøyere er den :-D

tysdag 9. september 2008

Akvariet

I går var me ein impuls-tur på akvariet. For min del var det assosiasjonen med pingvinar som gjorde utslaget for å gå. Eg trur eigentleg Helge foreslo det på tull...
Uansett. Dei har krokodillar på akvariet. Eg var faktisk ikkje klar over at eg er redd for krokodillar, men no veit eg det. Når det berre er to bittesmå ståltrådgjerde mellom deg og det skumle dyret med auge som ser på deg og som ligg heilt stille. (Og det ikkje er nokon andre der, for det er eigentleg rett før stengetid.) Så er dei ikkje så klappevennlege at du vil nærme deg (sjølv om dei berre et kaninar og sneglar og sånt.)
Dette er då ein varan.
Eller som dei heiter så treffande på engelsk: ei Water monitor lizard (morosamt fordi den berre låg der og såg på vatnet)

Men skilpaddene var supersøte! Og pingvinane, sjøhestane og dei bittesmå fiskane. Og selen kunne vinke, for den hadde vore med i ein eller anna film.
Legg merke til den svært passive pingvinen i bakgrunnen.

Ei anbefalt gruppe er Arcade Fire, som eg hørte på då eg las ExPhil i dag.

Eg må beklage mobilbileta, men då dette var ein impulstur, hadde eg verken med meg kamera eller pengar til å kjøpe ein SLR.