fredag 27. februar 2009

E55?

Først:
Jeg liker mobilen min, en god gammel traver som har vært med meg i tre år nå. Den begynner å bli litt slitt, og må restartes en del ganger dagen for å ikke få minneprogblemer. Jeg har sagt til meg selv at jeg ikke vil ha ny mobil før jeg finner noe jeg virkelig vil ha. Kriterier: WiFi, godt batteri, 3.5 mm jackplugg, S60 og helst gps. Nå skal det nevnes at mobilen min må lades hver natt, men jeg er sikkert ikke den eneste der. :p
Nå så jeg i sted at Nokia nesten-nettopp presenterte nye E55, som sies å skal ha en måneds batteritid (u-huh), flott skjerm, semi-qwerty (uten å være E61 :P), WiFi, 3.5 mm jackplugg, gps, S60 osv. Altså: nam. Hittil har det ikke vært noen telefoner som har hatt alle disse kvalifikasjonene (3.5 mm jack for å kunne plugge annet enn medfølgende lydplugger i, og jeg vet at det finnes overganger), men nå gjør det det altså. Den kommer ut i juni, og jeg vurderer veldig sterkt å handle den inn.

Hvem vil ikke ha spotify på mobilen, liksom? Til slutt, bilde:

Og ellers en liten oppdatering: Ja, det går bra, selv om jeg ikke har blogget på ca 1000 år. Trives som fortsatt gruppeleder for Christer (som ikke er så flink til å gjøre lekser før gruppene), og fagene er gøye. Lærte om Faradays induksjonslov i dag, som sier at ε = -dΦ/dt, noe som alle 3FY-ere selvsagt kan uten å tenke seg om. :]
Og jeg er valgt til økonomisk utvalg (skrive liste over hvem som skal ha vakt når på travparken) og PR-utvalg (meddrifte nettside) i musikklaget, jeej.

søndag 22. februar 2009

Produktanmeldelse: Litago Kokosbolle

Tine har dette semesteret byrja med ein ny variant av den kjende og kjære Litago sjokolademelk. Nemlig melk med kokosbolle-smak. Denne Litago-versjonen kan berre kjøpast på "utvalgte stader" altså diverse skule- og universitetskantiner. Prisen ligg på 40 kr literen, altså 20 kr kartongen. Dyrare enn på butikken, ja. Men vanleg sjokolademelk pris i universitetskantina.

Det første som slo meg då eg såg kartongen, var at kua var søtare enn vanlege Litago-kuer. Den er dekka med kokos og får derfor ein meir "fuzzy" utsjånad. Særskild var opp-ned-kua bakpå kartongen søt.

Smaken på melka var faktisk ganske likt vanleg kokosbolle, berre med ein svakare kokossmak. Smaken var faktisk såpass svak, at den forsvant etter eit par slurkar. Ein måtte faktisk tenke seg om for å kjennne kokossmaken. Noko som på ei side er positivt: den gode gamle sjokolademelk smaken har ikkje forsvunne, men heller blitt krydra av svak kokos. Men for dei av oss som ynskja ein meir kokos-prega opplevelse, vil kokosbollemelka vere ein liten skuff.

Det var, diverre, ikkje kokosbitar i melka. Noko som står tydeleg klarert på kartongen at det ikkje skal vere. Eg trur at kokosbollemelka hadde gitt ein meir spanande og spesiell opplevelse om det hadde vore kokosbitar i.

Tine/Litago har ei greie på nettsidene sine no, der du kan komponere din eigen variant av sjokolademelka (det same som Ben & Jerry-isane). Den versjonen som får flest stemmer kjem nok til å bli solgt neste semester.

Ein spanande variant av den klassiske sjokolademelka som diverre er litt for lik originalen. Den gjer likevel ei anna smaksoppleving og er derfor verdt å prøvast. Eg vil ikkje anbefale den for dei som ikkje likar kokos, då.

Denne kokosmelka kan kjøpast i utvalgte kantiner rundt om i landet. Helst i kantiner som tilhøyrer universitet (SiB-kantiner, for eksempel) eller kanskje også vidaregåande (høyr med dei som bestiller inn melka om du har veldig lyst til å smake).

torsdag 19. februar 2009

Musikk og sånt

På grunn av Spotify, radioen på last.fm og det faktumet at me har overtatt det gamle stereoanlegget til mamma og pappa, har eg byrja å høyre på musikk igjen. Eller, eg har vel eigentleg aldri slutta å høyre på musikk, men med ein 10 min busstur til universitetet og andre faktorar som gjer det vanskeleg å ha øyreproppar (forelesning for eksempel) har det liksom stått litt stille. Berre Sigur Rós på lesesalen og radio i bilen/på jobb, liksom.

Men det fine med å ikkje ha høyrd mykje på musikk på ei stund, er at ein "gjenoppdagar" musikk ein ikkje har høyrd på på ei stund. Og eg tenkte å skrive litt om nokre av desse.

Kent er ei av desse gruppene som var skikkeleg populære for ein 3-4 år sidan, og som framleis sirkulerer litt under overflata. Særskild er eg glad songane Mannen i den vita hatten (16 år senare) og Järnspøken. I går hadde eg faktisk bestemt meg for å kjøpe albumet deira frå 2005, Du & Jag döden, men sjølvsagt fann eg det hverken på Apollon eller på Platekompaniet.

Coldplay er eit av dei banda som er vanskeleg å ha eit forhald til. Dei er liksom såpass populære at det er ukult å like dei. Men likevel vil eg trekke fram albumet deira X&Y. Eg må få presisert at eg nesten berre har høyrd på det albumet frå Coldplay, men Swallowed in the sea er ein heilt fantastisk song. Parachutes skal visst også vere eit bra album, og dette har eg tenkt å skaffe meg.

Tori Amos
. Ho skriv musikk som er vanskeleg å tolke, men likevel lett å høyre på. Fint pianospel har ho også. Det er vanskeleg å skrive om musikken hennar, ho skriv musikk som liksom alltid passar å høyre på (set vekk frå når ein les, kanskje) .

Belle & Sebastian
. Dette er musikk som, nesten, alltid får deg til å føle deg glad. :)

Ellers burde eg jo skriven litt om Kaizers (nytt album snart!), Jack Johnson sine eldre album, Sigur Rós, Damien Rice og mykje anna. Men no må eg lese litt pensum

laurdag 7. februar 2009

Lørdagsgodt

Ville lage noko godt til kjærasten som har vore i Grieghallen og høyrd på i (nesten) heile dag. Men etter at miksen var miksa saman, fann eg ut at springforma vår ikkje var så glad i "springing" - den var altså øydelagt. Me har ikkje så mange andre låge, eldfaste former - sett vekk frå lasagneform. Så ta-daa!

(Ja, objektivet skuggar for blitzen og alt er ikkje skarpt).

Er eigentleg litt usikker på kor godt kiwi fungerer på kaker (sett vekk frå at dei er grøne og kvite med svarte prikkar), men men.

Me var forresten på Kaffeboksen i dag som ligg ved inngangen til Citibox hotell. Liten, koseleg stad med nesten ingen kundar, sjølv om det var laurdag i kafé-tid - sikkert fordi den er ganske ny. God cappucino, kjempegod og mjuk sofa og ein urban gjennomført stil. Kaffien var ikkje så dyr heller, særskild om ein samanliknar den med kvalitet og  andre stader (som ikkje er trykk-på-knappen->få kaffi-stader).

måndag 2. februar 2009

Crayon Physics Deluxe


No har me nettopp runda det kjekke pc-spelet Crayon Physics Deluxe, som har vore min avkoplingsaktivitet i det siste. Spelet går enkelt sagt ut på å få ballen til stjerna, og for å gjere det må du teikne. Det er 80 brett med varierande vanskelegheitsgrad frå "teikn ein firkant" til "prøv å få ballen til å fly over bilen". Spelet har kjempekoseleg musikk, som du ikkje vert lei av. Det er nok enno kjekkare å spele med teiknebrett eller på iPod/Phone, men går fint an å spele med touchpad/mus også. Eit kjekt lite spel som hverken går ut på å køyre fort eller å skyte noko, og som er vanskeleg nok til at du blir sittande men ikkje så vanskeleg at du vert lei.