måndag 22. juni 2009

Koseferie

Helge laga kaffi i stad, men det han ikkje tenkte på då var at me på lørdag kjøpte nye koppar på Indiska...

...som tar 0.7 l.
Eg klarar nesten å drikke opp alt før det vert kaldt.
(knipse-bilete).

Sidan eg av ein eller anna grunn ikkje jobbar så mykje akkurat no, og fordi me har vore sjuke i nesten ei veke, har eg fått tid til å spele veldig mykje Sims 3. Og høyrd ein del på Harry Potter. Helge har komen på ein del forkortningar der, for eksempel HaRoHer og DaDa (sistnemnde er vel kjend for mange).

Heimelaga smoothies med 1 pakke frosne kirsebær (ca 20 kr, Eldorado), vaniljeyoghurt og 1 banan er forresten godt. Og om du legg til "Sofies sjokoladeterapi" og ein episode Castle, har du mandagskvelden vår i to setningar.

tysdag 16. juni 2009

Grilling!


Koseleg grilling i Leaparken med Helge og Andreas. Det var vind, så det tok laaang tid å få eingongsgrillen i gang. Men det gjekk! Tips: legg noko oppå grillen for å få fortare fyr, type foccacia i form frå Rema 1000. (Tips 2: snu foccaciaen i formen etter ei stund).

tysdag 9. juni 2009

Ferie!

Kan så langt illustrerast med desse bileta:



Eg beklagar den høge stock-faktoren.


søndag 7. juni 2009

Can you run it?


Kom over ei ganske grei nettside i mi leiting på svar på spørsmålet "Er det noko poeng å kjøpe The Sims 3 for å spele på Helge sin pc?". Du velger spelet frå ein rullegardinmeny og så må du akseptere nedlasting og kjøring av eit javaprogram. Etter eit par minutt får du eit oversiktlig svar på nettsida du lasta ned programmet frå. Så enkelt at til og med eg forstår det altså!
Eg kan enno ikkje sei om det har rett, sidan det er søndag og alle dataspelselgjande butikkar er stengde, men det ser i alle fall ut som om det skal stemme.

Funfact: Eg får alltid lyst på te når eg les ordet "te". Merkelig, sidan eg eigentleg ikkje har lyst på det så veldig mykje ellers.
Teen som heiter Chai (kanskje noko meir, men det er det dama skreiv på posen) og som dei sel i den butikken på toppen av Galleriet og som ikkje heiter Mique eller er ein dyrebutikk er forresten god. Den smakar litt likt som Voyage Indian Chai som dei sel i alle matbutikkar, men bedre. Det er altså ein svart te med "chaikrydder". Tropical Punch som dei og sel i butikken på toppen av Galleriet er også god; den inneheldt både grønn-, rooiboste og sikkert krydder eller "aroma" også.

laurdag 6. juni 2009

Hva nå?

Vel, okei. Jeg har egentlig halvveis bestemt meg. Etter to år med Bachelorgrad i fysikk som offisiell studieretning, er det på tide å i hvert fall tenke på hva som skjer videre - de fleste av de åtte mastergradene jeg har mulighet til å ta krever litt spesifikt forarbeid.
Egentlig er det to "hovedretninger" videre i studiet:

Jeg kan velge å studere instrumentbygging; eller målevitenskap. Dette går ut på å bygge instrumenter til alt mellom CERN-detektorer og satelitter, og handler om det å bygge.
Nja, sier jeg. Målevitenskapsfaget vi hadde i vår (som jeg fikk B på, juhu! Dét er en karakter jeg ble både overrasket og glad for) var spennende det, men jeg tror ikke jeg kunne tenkt meg å tilbringe veldig mye mer enn 10 studiepoeng med RLC-kretser.

På den andre siden kan jobbe med med litt mer klassisk fysikk. Innunder her faller fag som
  • Hydroakustikk: Tenk sonar og fisker og havbunnsgeodata. Litt klassisk fag.
  • Energifysikk og teoretisk fysikk: Virker ganske spennende, jobber f.eks. med kvark-gluon-plasma (høye temperaturer og trykk, altså) osv.
  • Romfysikk: Studiet av området mellom jorden og solen. I stor hovedsa
  • Optikk og atomfysikk: Optikk er spennende, men på et praktisk nivå. Gøy å lære hvordan man beregner speilstørrelser og slikt, men optikken her er sikkert ganske annerledes. Lasere kommer innunder her. Atomfysikk-delen handler om elektroner, og hvordan elektroner oppfører seg rundt atomet som et uinteressant punkt. PASCAL og den tidsavhengige Schrödingerlikningen (som jeg skal spare dere for)
Og rosinen i eplet, som jeg til nå i hvert fall ser på som det mest interessante:
  • Teoretisk partikkelfysikk: CERN, folkens. Bevaring av relativistisk bevegelsesmengde i partikkel-antipartikkelkollisjoner og så videre. Studie av hva som er inni et atom (protoner, nøytroner) og hva som er inni disse igjen (opp-/ned-/sjarm-/sær-/topp-/bunn-kvarker) osv.
Altså, selvsagt, mye kan endre seg i løpet av neste halvår. Fagvalget til høsten reflekterer de to "hovedgruppene" jeg så ukorrekt har framstilt, og jeg velger definitivt den nederste bolken. Til våren 2010 bør man derimot være litt mer spesifikk: Min favorittmasterlinje nå krever f.eks. at alle tre valgfagene er fylt opp av obligatoriske partikkelfysikkfag (PHYS201 kvantefysikk, PHYS241 uh, husker ikke og PHYS291 datainnsamling i fysikk), mens flere andre linjer gir rom for litt mer frihet.

Hittil er jeg svært fornøyd med studiet: Lærer sykt med jeg ikke tenkte jeg kom til å lære på forhånd :) (Bare å glede seg til '110 og '111, Christer <:)

torsdag 4. juni 2009

Blogg-fiksing

Med mykje hjelp av Åshild, har eg no fått til ein blogg eg er nøgd med designmessig (midlertidig i alle fall, eg vert aldri nøgd). Det er litt sånn halv-fisjy å finne random blogg-layouts på nettet, men sidan Åshild kan meir koding enn meg, har me fått vekk dei verste tinga. Eg likar grått, men me sett likevel pris på kommentarar/synspunkt. (Kommentar-lenkja har flytta seg opp ↑ og det får me ikkje til å endre på)

Last.fm er dumme som ikkje klarar å finne ein måte å registrere ting ein høyrer på på stereoanlegg. Me har høyrd ein del på det nye Tori Amos-albumet, Abnormally Attracted to Sin, men då sjølvsagt ikkje fått registrert det på last.fm.

Ellers er me inne i ei lolcat-periode, og icanhazcheezburger gir oss dagleg dose. Lolcatspråk har ført til at tekstmeldingar som går ut frå mobilen min mogelegeins kan vere vanskeleg å tolke for andre.

Siste-jobbe-på-universitetet-før-siste-eksamen-før-ferien-dag

Ein dag som startar såpass typisk som at me er alt for seint ut døra (etter mi meining), heldigvis var det likevel masse ledig plass på lesesalen. Ein lesesal-dag som sluttar kose-tidleg med å drikke kaffi og ete lønsj ute i sola (og vinden!), under unnskyldninga om å lese dei to siste kapitla i dramateoriboka når ein kjem heim. På tirsdag er det eksamen og så er det sommarferie, og då skal i alle fall eg ikkje lese pensum! Dette seier eg berre for å motivere meg sjølv, i verkelegheita skal eg lese kosebøker som Faust, spotify:track:5YSI1311X8t31PBjkBG4CZ og Forbrytelse og straff. Slik at eg kan ligge skikkeleg godt an til haustsemesteret (ya riat).

På biletet kan ein forresten sjå den koselege bento-boksen eg fekk hjå Helge til bursdagen. Gjett kva som er lettast å ete med spisepinner, for ein spisepinne-noob som meg, av runde druer og kantete eple-bitar då! (Yup, druer)

På grunn av at Regine delte denne med meg, må eg dele den med resten av verda også. Det er visstnok ein parodi på ein populær r'n'b-sang eg (sjølvsagt) ikkje har høyrd.