tysdag 25. august 2009

Igang


Notater, uforståelege kompendietekstar, rare engelske ord, spotify på ein pc som bråkar og tilleggslitteratur anbefalt, og skriven, av forelesar. Det er eigentleg litt fint å vere attende igjen etter sommarferien, sjølv om 8 - 16 er slitsomt. Me er allereie ferdige med første store pensumverk i 103 (Faust) og godt i gang med andre (Joseph Andrews). 104 er litt vagare, vegen mot eksamen kjem nok til å bli interresant!

Helge valde bacheloroppgåve i dag - om svart materie.


Det er haust når ein våknar om natta fordi regnet/haglet mot takruta bråkar. Og når ein kan sitte inne med stearinlys, te og bøker, tv-seriar og illustrator.

torsdag 13. august 2009

Kjønn fra fødselsnummer i Excel

Dette høres egentlig ganske lett ut, men tok meg jaggu en halvtime å finne ut av. Her er løsningen:
La oss anta et tilfeldig fødselsnummer 120487 23596. Det niende nummeret inneholder kjønnsinformasjon. Odde er mann og jamn er kvinne. Hvordan få Excel til å si fra om det niende nummeret i et tall er odde/jamnt? (dere får beklage norske excel-uttrykk forresten)

a)
Konverter tallet til en streng. For enkelhetens skyld antar jeg en celle A1 = 12048723596.
Strengen blir STRENG(A1;"0"), hvor "0" angir formatet til tallsystemet.
=> "12048723596"

b)
Finn den niende byten i strengen. Ikke så gale.
DELTEKST(STRENG(A1;"0");9;1)
=> "5"

c)
Konverter den 9. byten til et tall:
VERDI(DELTEKST(STRENG(A1;"0");9;1)
=> 5

d)
Finn ut om det er et jamnt eller odde tall (her må dere si fra om det finnes en bedre metode! :)):
EKSAKT(VERDI(DELTEKST(STRENG(A1;"0");9;1)/2;HELTALL(VERDI(DELTEKST(STRENG(A1;"0");9;1)/2)
Her er TRUE at det er et jamnt tall, og da kvinne, og FALSE at det er et odde tall, og da mann.
Dette er lett å bruke i en HVIS-setning:
=> FALSE

e)
HVIS(EKSAKT(VERDI(DELTEKST(TEKST(A1;"0");9;1))/2;HELTALL(VERDI(DELTEKST(TEKST(A1;"0");9;1))/2));"Kvinne";"Mann")
=> "Mann"

Puh. :)
Hmm. Når jeg tenker meg om kunne jeg sjekket om HELTALL(AVRUND.NET(A1;2)/200) = AVRUND(A1;2)/200 òg. Jaja, mange veier til Rom!

laurdag 8. august 2009

<3 Etsy


Såper frå LoveLeeSoaps

Etsy er ei nettside eg har vist om ganske lenge, men ikkje sett så veldig mykje på før i det siste. Dette er ein stad der kreative menneskje over heile verda kan selgje det dei skaper. Og du finn alt frå søte såper til klede, notatbøker og sko. Og om du ikkje finn akkurat det du leitar etter, er det berre å spørje nokon om dei vil lage det for deg. For eg må inrømme at det nokon gongar kan vere litt vanskeleg å finne det ein leitar etter...


"Pouches" frå alliebeans

Eg har i løpet av dei siste dagane kjøpt ei lommebok frå ein arkitekt i USA og ei veske frå Tippy i Thailand. Eg har også ein "samtale" gåande med ei husmor, også frå USA, som skal spesiallage noko eg skal gi i gave. Det verkar som om dei fleste selgjarane er kjempehyggelege, og det fører til at heile etsy vert koseleg og intimt, sjølv om det er eit hav av ulike selgjarar og produkt der.
Notatbok frå Spiderbite

Og om du likar alt vintage, er jammen meg etsy staden å leite etter slike skattar på også. Og jammen meg går det ikkje berre an å kjøpe ferdiglaga ting, du kan også kjøpe nesten alt du treng for å vere kreativ sjølv.