Det ser framleis ikkje ut til å ordne seg diverre. Slik ståa er no har verken administrator eller moderator på supportforumet vore innom på ei stund. Det er desse som har kontoll på alt innan "hostingdelivered", og det er då berre dei som kan fikse slike problem. Eg har prøvd å sende dei en PM, men den står som ulest i utboksen, og det er inga anna måte å kontakte dei på. Det ser ut som om problemet med forumet er ein feil som er lett å fikse, så lenge nokon vert klar over den.
Men ein positiv ting er at ein framleis kan lese alle postane frå moderatorkontrollpanelet, difor skulle det ikkje vere så vanskelig å kopiere dei over til eit evt. anna forum.
Helge og eg reiser vekk i helga, så me har ikkje mogelegheit til å sjå på ting. Men om de vil følgje med på om det skjer noko i supportforumet er de velkomne til det.
Så me tenkjer at det er dykk som bestemmer. Skal me lage oss enno eit nytt forum? I så fall, skal dette vere ei litt sikrare betaltjeneste? Eller skal me vente ei stund til og sjå om dette løyser seg? Eg tvilar på at det er aktuelt å gå attende til det første forumet då det framleis har alt for stor nedetid.
Personleg vil eg gjerne vente ei lita stund til. Det er dumt å måtte flytte på alt ein gong til og å få alle til å registrere seg på enno eit forum. Men eg tek meir enn gjerne mot synspunkt og tankar frå dykk andre!




Word 2007 har en fantastisk finesse som heter makroer. I motsetning til mange andre verktøyer hvor jeg må lese ganske mange manualer før jeg kunne gjort noe slikt som dette, kan jeg "ta opp" handlingene mine, for så å redigere den nye koden etterpå. Jeg laget til og med en liten dialogboks hvor den spør meg hvilket tegn som skal settes inn, for så å sette det i kursiv.







