Balmain Ambre Gris skal vere ein "woodsy animalic oriental". Den har notar av rosa pepper, kanel, myrra, tuberose, evighetsblomst, ambergris, benzoin, gaiac og kvit musk. Parfymen kom i 2008 og er ein av mange parfymar utgitt av motehuset Balmain.
I opninga tykkjer eg denne parfymen blir litt for "parfymete", type klassisk floral og feminin kveldsparfyme som har ein god mørk undertone av amber. Det vert litt for mykje, særskildt for daglegdags bruk, men er sikker flott på ein fest der mat ikkje er involvert i store mengdar eller som utskeiing på skogstur.
Drydownen derimot, er herleg. Tørr, mørk og sensuell. Kanskje ei vaksen, meir woodsy, musky og mindre gourmand, utgåve av Juliette has a Gun sin Calamity J.
Eg har vore ein amber-fan heilt sidan eg vart interresert i parfyme, og denne parfymen appellerer veldig til amber-elskaren i meg. Men likevel er denne i opninga ikkje denne heilt "meg", eg hadde nok kjøpt den om den var drydown heile vegen. Men sidan eg må "lide" meg gjennom opninga i 2 timar kjem denne flotte "discoballen" langt ned på må-ha-lista.
Ambre Gris finnst i alle fall i 40 ml, 75 ml og 100 ml, og prisen er frå omlag 360 kr til 820 kr. Parfymen kan kjøpast frå medan anna Luckyscent og Balmain.
Velduftende har skrive om Ambre Gris her.
Bilete lånt frå Balmain, prøven kjem frå Fortnum & Mason og var gwp.



