
Edmond Roudnitska er for mange ein av dei største moderne parfymørane. Han er mannen bak klassikarar som Diors Eau Savage, Diorissimo og Rochas Femme. Det er nok ikkje merkeleg at han laga ei duft - ei kjærleikshyllest til si inspiratør, medhjelpar og kone; Thérèse. Le
Parfum de Thérèse var skapt ein gong på 50-tallet, og vart Thérèse Roudnitskas mest brukte duft, eit ikon på kjærleiken mellom dei to.

Sjølv om mange parfymehus ønskte å kjøpe
Parfum de Thérèse vart den ikkje solgt, både fordi dufta vart sett på som "too ahead of its time" og fordi den jo var laga til Thérèse Roudnitska personleg. Sjølv om parfymen ikkje vart masseprodusert, sirkulerte prøver av den i parfymeverda og gjorde parfymørar betatt av denne spesielle dufta. Ein av dei som vart fascinerte av
Thérèse var Frederic Malle. Han såg at denne parfymen passa under hans konsept "Editions de Parfums" - nyskapande og orginale dufter, der parfymøren har frie tøyler til å skape og uttrykke. Noko som også var Edmond Roudnitskas filosofi. I 1999 fekk Malle, med Thérèse Roudnitskas fulle velsigning, tillatelse til å gjere denne legendariske parfymen tilgjengelig for publikum.

Edmond Roudnitskas
Le Parfum de Thérèse vart lansert i 2000 av Editions de Parfums de Frederic Malle. Same år lanserte FM
Noir Epices, ei duft av Michel Roudnitska - Edmond og Thérèses son og også ein svært vellykka parfymør. For meg er
Thérèse ei oransje duft. Den minner om vår og sommar, sjølv om eg på ingen måte tenker på denne som ein "vårparfyme". Sjølv om komposisjonen er over 50 år gamal, har den noko herleg moderne ved seg som igjen gjer den klassisk. Det er vanskeleg å seie noko om denne parfymen, særskild når den har blitt omtala av så mange som er flinkare til å skrive om duft enn meg. Eg anbefalar i staden å lese kva
Grain de Musc og
Velduftende har skrive om den, og kanskje helst å prøve den sjølv.
Le Parfum de Thérèse har toppnotar av: mandarin, pepper og melon. Hjertenotane er: jasmin, fiol, rose og plomme, og bunnotane består av: sedertre, lær og vetiver.
Parfymen finst i flasker på 100 ml og 50 ml, samt som bodylotion, såpe og 3 x 10 ml reisespray. Det går ikkje an å kjøpe Frederic Malle i butikk i Noreg, men
fredericmalle.com og
Les Senteurs sender velvillig til oss. Eg kan også anbefale å sjekke ut
ebay, særskild om ein berre vil ha ein eller to små reisesprayar.
Oppdatering: Heaven Scent fører også Frederic Malle
Les også om:
Lipstick Rose
Kjelder: basenotes, fragrantica, og Frederic Malle
Blome-bilete tatt av Whirling Phoenix, henta frå flickr. Some rights reserved.