laurdag 26. mai 2012

Armbånd frå Etsy!


Den superkoselege bloggaren Neglelakkmani har fått seg ein ny hobby i tillegg til flotte neglelakkbilete og svært nyttige swatches, ho har starta etsybutikk! Det er nemleg ikkje berre fingertuppane som kan få finstas, armband er jo også kjempekjekt. ByKarianne sel kule makramé-armband med ulike dekorative detaljar. Eg kjøpte eit neon-oransje armbånd med studs, og eit litt meir feminint rosa armbånd med fine blad på. Ho har medan anna også eit rosa armbånd med hovudskalle på, eg angrar litt på at eg ikkje fekk det med meg i handlekorga! Det er kjekt med litt sommarleg pynt når kvardagen stort sett består i jobbuniform, og som ekstra bonus er jo dei fleste neonfargar med på å framheve det vesle ein har av brunfarge. 

Det kjekke med å handle på nett frå Noreg, er at du får tinga så utruleg raskt. Armbanda eg kjøpte var i postkassen min dagen etter dei vart sendt! Det skjer aldri om du handlar frå utlandet. 

Om nokon er interresert i å bli med i eit lite, ultrakoseleg sminkeforum er det berre å melde seg inn i forumet på bloggen til Heidi Øksendal, om parfyme er meir din stil er det berre å stikke innom Parfymesnakk! ;) 

3 kommentarer:

  1. Åh, så fine de var på deg! :) tusen takk for fin omtale!

    SvarSlett
  2. Kjempefine! Må innom og ta en titt :-)

    SvarSlett
  3. Så pene de var! Skikkelig sommer ^^

    SvarSlett